Kva er Bygdaliv?

Bygdaliv er nettstaden til Bondeungdomslaget (BUL) i Molde, redigert av (heretter: eg). I mange år hadde laget eit medlemsblad på papir med det same namnet, først handskrive og opplese på medlemsmøta, seinare kopiert og delt ut. No er det nettstaden som gjeld. Legg inn http://bulmolde.no som favoritt eller bokmerke i nettlesaren din.

Bygdaliv blir oppdatert litt ujamnt, etter som det er aktivitet i laget og eg har tid. Når det er mykje nytt, sender eg e-post til BUL-medlemmer og andre interesserte. Ønskjer du å få slikt varsel, eller ikkje få det lenger, så send meg e-post.

Utforminga av Bygdaliv er framleis nokså enkel, men det har etter kvart kome nokre forbetringar. Kom gjerne med forslag eller kommentarar.

Tips meg dersom du opplever Bygdaliv som rotete. Eg veit ikkje kva slags nettlesar du bruker og kor stor skjerm du har, så eg lagar noko som eg trur passar. Trengst det, så kan du gjere skrifta større med å trykke Ctrl og + (pluss), eller mindre med Ctrl og - (minus). Somme nettlesarar er så smarte at dei hugsar alle sidene du har vore inne på, og viser deg noko gammalt innhald i staden for å gå ut på nettet og hente det nyaste. Bruk oppfriskingsknappen dersom det trengst (tips: F5 på tastaturet).

Bilete er ein stor del av Bygdaliv. Der ikkje anna er nemnt, er det eg som har halde kameraet. Bileta er i redusert oppløysing for å passe inn på nettsida. Dersom du ønskjer Bygdaliv-bilete i full oppløysing til privat bruk, så kan eg stort sett ordne det. Vil du at eg skal fjerne bilete som du er med på, så gjer eg det utan diskusjon.

Dei første åra fanst nett-Bygdaliv på ei obskur adresse under online.no, seinare ei anna adresse same stad. Der vart det etter kvart for trongt, og det var urimeleg dyrt å kjøpe meir plass. BUL har derfor registrert sitt eige domene, bulmolde.no. Ved nyttår 2011 flytta Bygdaliv dit med både gamle og nye årgangar.

Bygdaliv-stoff frå dei første åra på nettet finst i arkivet: 2013, 2012, 2011, 2010, 2009, 2008, 2007, 2006, 2005 og 2004.

Last ned Adobe Reader

For å lese dokument du finn i Bygdaliv, treng du Adobe Reader. Manglar du den, så trykk på knappen til venstre.

Oppdatert 29.12.13

Bygdaliv er trygt!

Alle e-postadresser i Bygdaliv er kamuflerte for å unngå adressehaustingsrobotar, maskiner som sankar adresser til bruk for spam (søppelpost). For at adressene skal fungere, må nettlesaren støtte Javascript, og du som brukar må tillate det. Det er ingen risiko med å tillate Javascript i Bygdaliv.

Bygdaliv bruker verken Java, Flash eller ActiveX, teknologiar som blir mykje nytta til å spreie skadeprogram på nettet. IFrame har vore brukt litt, men finst no berre i arkivsidene frå 2008, og bruken der er ufarleg. Html5 er ikkje teke i bruk enno, men kjem når tida er moden for det (krev at brukaren har ein moderne nettlesar).

Derimot kan eg ikkje garantere at nettstader som Bygdaliv har lenker til, er trygge. Utviklinga på Internett er slik at jamvel respekterte nettstader kan bli kapra av kriminelle og brukt til å spreie skadeleg programvare. Du bruker lenkene på eige ansvar.

Ha alltid oppdatert operativsystem, antivirus, antispionprogram og brannmur på PC-en. Dersom du har installert Java, Adobe Reader eller Adobe Flash, må du også halde dei oppdaterte.

Bygdaliv har berre lenker til opne nettstader, altså ikkje til kommersielle stader som krev pålogging. Dette gjeld også Facebook, som har både opne og stengde sider. Informasjonen skal vere tilgjengeleg for alle, elles kan det vere det same.

Oppdatert 29.8.13

Bygdaliv har mange lesarar - eller?

Nettleverandøren til Bygdaliv heiter one.com, og lagar mykje statistikk. I 2013 var det heile 9.818 besøk på Bygdaliv, eller gjennomsnittleg 26 kvar dag. Dette var opp frå 9.441 og 25 i 2012, 6.502 og 17 i 2011. Toppmånaden så langt var januar 2014, med gjennomsnittleg 41 besøk kvar dag. Torsdag 30. januar var det heile 67!

No trur eg ikkje at kvar BUL-medlem les Bygdaliv meir enn ein gong for dagen, heller ikkje dagen etter ei leikøving. Det må vere ei anna forklåring.

Om dagen, frå kl. 6 og utover, var det jamtover 60-70 besøk i timen summert over heile januar, om natta omtrent det halve. Ein annan stad står det at 660 av 1296 besøk i januar var frå USA, 240 frå Noreg og 64 frå Japan. Det kan sjå ut til at dei som les Bygdaliv døgnet rundt, høyrer til i andre tidssoner. Dei er nok heller ikkje spesielt interesserte i BUL, det handlar om søkerobotar. Faktisk har Bing 194 besøk, Google 137 og nokre andre med robot-aktige namn 159. Dei kravlar rundt på nettet og indekserer det meste, slik at vi brukarar skal finne fram etterpå.

Og folk bruker det. 80 % av alle treff (som er noko anna enn besøk) er frå Google. Dei andre deler på smulane. 16 (6,2 %) i januar søkte etter "isfjorden samfunnshus", 4 etter "kakebord", 4 etter "bul hytta molde" og 2 etter "leikøving". Elles er det ein god del søk etter personar, både kjende og ukjende.

Oppdatert 19.3.14